Kjære Jan-Egil, trudde ikkje at etter mamma sin bortgang, skulle oppleve at du skulle falle frå berre nokre veker etterpå. Vi visste jo at du var sjuk, men samtidig oppfatta vi at formen din var noko lunde bra, og at dialysebehandlinga gjekk etter planen. Men slik gikk det ikkje.
Berre for å presisere, du er ein person eg aldri vil gløyme. Heilt frå tidlig skulealder skjønte eg fort at du var ein person som eg kom til å være mykje saman med. Ord blir fattige i ei slik stund som dette, men det er viktig å få fram at du var ein person som var lett å like. Dette gjaldt som skuleelev, ven og seinare som erfaren fiskar og kollega. Ditt lune smil, din humor og ditt gode humør. Og sjølvsagt dine gode latter som låg på lur. I tillegg var du ein person som sjeldan sa nei til noko, og du var snill tvers gjennom. Ikkje for å gløyme så var du ein spreking innen idrett frå springing, skigåing og til bordtennis.
Tallrike minner har vi saman frå barneskule, ungdomskule, vidaregåande og heilt fram til i dag. Hundretalls opplevelsar frå fotball i 1982 på bana hans Per, fotball på Ryland/ Hauge skule, Elvis Presley, tennis på Ryland skule, festar, kortspill kveldar og mykje anna. Ja saman med deg og alle oss andre vil vi huske alle dei gode opplevelsane. Berre så synd at du ikkje skal vere med oss vidare å minnast dette. Du var jo ein del av Rylandsgjengen.
Eg skjønnar ikkje at du er borte. Savnet etter deg er enormt allereie, som kamerat og ven. I alle vennskap er det både oppturar og nedturar, men med deg var det flest oppturar. Kvil i fred Jan-Egil. Takk for den du var, og at eg fekk gleda av å vere ein av dine beste vener gjennom di levetid. Minnene etter deg vil vi alltid ha med oss.
Siste helsing frå Dag-Hugo.
Omsorgsfull, raus og snill. Uverkeleg, og frykteleg trist at du ikkje fekk vere saman med oss lenger. Alle gode minner vil vi gøyme i våre hjerter. Takk for alt du var for oss, kjære storebror og onkel. Rita Janne og Iselin.