Kjære Svigerfar
En mann som var så flink med skryt som deg, og som så det positive i den minste ting, det kan man virkelig ta lærdom av.
Takk for gode minner.
Kjære Roald.
Du inspirerte meg til mitt yrkesvalg, noe som har preget mitt liv.
Takk for alle gode sommerminner i feriene på Myklebust.
Hvil i Fred ️
Takk for gode barndomsminner
Han Roald
Han kom til verda ut på Ivanesa
Han var ikkje store karen
Men han åt og drakk og voks seg til
Snart fauk han rundt så lett som haren.
Dei ga han namnet Roald Per
Så bakvendt som det går an
Men den guten skulle etter kvart bli ein hedersmann
Det gjekk ikkje så mange år
Før dei såg at han likte jorda
Og alt som voks og alt som levde
Så og vinden, synnja og norda
Eit lite arbeidsjarn, kunne ein hevde
Ja visst - men ingen såg i førehand
At Roald og skulle bli ein hedersmann
Han treivst med gard og fjøs og dyr
Og tok snart sitt tak i slåtten
Kanskje la dei på han meir enn rett var
Han fekk arbeide, vesle skrotten
Men det var arbeidsglede i all hans ferd
I alt han tok i, på sjø og land
Og etter kvart vaks han seg til å bli ein hedersmann
Men så er ikkje livet berre beint og rett
Det fekk Roald og erfare
Somt som før gjekk godt vart ikkje like lett
Det var så mangt han måtte tåle og klare
Men å stå gjennom det heile,
Og kare seg i hamn
Det gjorde han, som ein hedersmann
Stilt bar han dei bører som livet ga
Vi kan i sanning lære litt av det
På Rabben levde han det livet han sjølv helst vil ha
Og han sparka hverken opp eller ned
Han var alltid takksam for dei små gleder dagen ga
Og han sakna vel aldri eit grann
Eg har så ofte tenkt, at han var ein hedersmann
No har ferga lagt ifrå for siste gong
Og Roald, han er faren
Her sit vi att med våre tankar og vår sorg
Og minnest han, den fine karen
Ein såg aldri store fakter, og høyrde ingen store ord
I dei dagane som rann
Vi lyser fred over minnet om denne hedersmann
Terje